Kvinnherad Hesteskysslag

Laget, som vart skipa i 1988, byggjer på lange tradisjonar for å jobba med hest i distriktet som kan sporast tilbake til Baronen si interesse for å avla fram vakre og dugande fjordingar. Køyring med hest og vogn har heile tida vore hovudaktiviteten til Kvinnherad Hesteskysslag. Medlemene kjem frå heile Kvinnherad og vi er organisert under Norges Rytterforbund. Hovudaktiviteten er køyring av turistar i Rosendal; enkeltpersonar på dagstur, grupper frå cruiseskip eller seminar og liknande. Vi har òg køyring til bryllaup, konsertar, store og små dagar og omvisningsturar for store grupper.

Tryggleik

Vi tek godt vare på tryggleiken og ekvipasjane må kvart år god kjennast av ei nemd. Då blir hest, kusk, seletøy og vogn sertifisert for sesongen. Dette har resultert i at vi ikkje har hatt ei einaste ulukke i heile laget si fartstid.

Om de vil ha kontakt med laget om noko send ein e-post.>