Køyr ein tur til
Baroniet
frå kr 1.000,-
Køyr ein tur til Baroniet
Turen startar gjerne på den gamle dampskipskaia i Rosendal. Herfrå ber det anten rake vegen til Baroniet, eller vi tar ein sving innom Kvinnheradkyrkja eller den gamle prestegarden. Fylgjer vi denne siste ruta, kjem vi fram til Baroniet bakvegen. Då køyrer vi gjennom Omshagen, krysser elva over ei flott trebru og får den flotte avlsgarden til Baroniet framføre oss. Etter dette er det berre å nyta resten av vegen fram til sjølve Baroniet der det første ein får sjå er den store og velstelte hagen.